Landbruk – ny bransje i Arbeidsmiljøportalen
Bønder kan no finne kunnskap om eigen bransje og verktøy for å ta tak i eigne arbeidsmiljøutfordringar i Arbeidsmiljøportalen.

NY BRANSJE I PORTALEN: No kan verksemder innan landbruk finne innsikt om bransjen og tilpassa verktøy for eit betre arbeidsmiljø i landbruket. ILLUSTRASJON: Arbeidsmiljøportalen
– Ved å gjere kunnskap og fakta meir tilgjengeleg, kan fleire jobbe målretta for å skape gode arbeidsmiljø, seier Trude Vollheim, direktør i Arbeidstilsynet.
Landbruk er ein ny bransje i Arbeidsmiljøportalen. I portalen kan arbeidsgivarar og arbeidstakarar, finne innsikt om nettopp deira bransje og, ikkje minst, verktøy som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsmiljøet kan ha mykje å seie for sjukefråvær
Tungt fysisk arbeid er ein del av arbeidskvardagen til mange bønder. Det inneber handtering av tunge maskiner, verktøy og materialar. Mykje av arbeidet er også ståande. Det kan føre til muskel- og skjelettplager.
Eksponering for kjemikaliar og støv, støy og vibrasjonar, og at jobben forstyrrar privatlivet, er også faktorar som påverkar arbeidsmiljøet i denne bransjen.
I Arbeidsmiljøportalen kan du finne fleire utvalde arbeidsmiljøforhold som kan vere spesielt viktige å jobbe med for å redusere sjukefråvær og fråfall og for å auke trivselen og produktiviteten i landbruksbransjen.
Bransjar med stort førebyggingspotensial
Frå før finst det tilpassa verktøy og tips for desse bransjane:
- industri
- frisør
- bilbransjen
- varehandel
- kontorarbeidsplassar
- undervisning – grunnskole
- undervisning – vidaregåande skole
- barnehage
- bygg
- anlegg
- næringsmiddelindustri
- petroleumsverksemd
- rutebuss og persontrafikk
- sjukeheim
- sjukehus
- heimetenesta
- reinhald
– Felles for desse bransjane er at dei har kjente utfordringar med arbeidsmiljøet. Samtidig har dei alle eit stort førebyggingspotensial for sjukefråvær og fråfall, seier Vollheim.
Nyttig for å ta tak i eigne arbeidsmiljøutfordringar
Arbeidsmiljøportalen blei lansert i desember 2020. Målet med Arbeidsmiljøportalen er at verksemda i størst mogleg grad skal vere i stand til å ta tak i eigne arbeidsmiljøutfordringar – helst før dei oppstår. Verksemdene kan bruke verktøya Arbeidsmiljøhjelpen og En bra dag på jobb.
Arbeidsmiljøportalen
På Arbeidsmiljøportalen finner du kunnskap og verktøy slik at dere kan jobbe mer systematisk med de forholdene som er viktige for arbeidsmiljøet på arbeidsplassen din. Ikke optimalt arbeidsmiljø koster Norge 75 milliarder kroner hvert år.
Les videreLes mer
Relaterte artikler

KOBLET FRA BRYTER: Sikkerhetsbryteren med klips i kornsiloen ble koblet fra. Det fikk alvorlige følger for bonden. - Vi skal kvitte oss med «skal bare» mentaliteten, sier Støre. Han forklarer at dette har vært en kostbar lærdom om hvor viktig det er å bruke hodet og tenke sikkerhet. (Foto: Arbeidstilsynet)

NYTTIG VERKTØY FOR ARBEIDSMILJØET: Målet med Arbeidsmiljøportalen er at virksomheten i størst mulig grad skal være i stand til å ta tak i egne arbeidsmiljøutfordringer. ILLUSTRASJON: Arbeidsmiljøportalen.no