Heimetenesta – ny bransje i Arbeidsmiljøportalen
No kan verksemder innan heimetenesta finne innsikt om eigen bransje og tilpassa verktøy for eit betre arbeidsmiljø i Arbeidsmiljøportalen.

NY BRANSJE I PORTALEN: Heimetenesta kan no finne kunnskap om bransjen sin og verktøy for å ta tak i eigne arbeidsmiljøutfordringar i Arbeidsmiljøportalen. ILLUSTRASJON: Arbeidsmiljøportalen.no
– Ved å gjere kunnskap og fakta meir tilgjengeleg, kan fleire jobbe målretta for å skape gode arbeidsmiljø, seier direktør Trude Vollheim.
Heimetenesta er ein ny bransje i Arbeidsmiljøportalen. I portalen kan arbeidsgivarar og arbeidstakarar finne innsikt om nettopp deira bransje og, ikkje minst, verktøy som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsmiljøet kan ha mykje å seie for sjukefråvær
Nesten halvparten av dei med fråvær i heimetenesta oppgir at dette kjem av helseproblem som heilt eller delvis er forårsaka av jobben. Det kan vere mange årsaker til helseplager og sjukefråvær, og arbeidsmiljøet kan ha mykje å seie.
– I heimetenesta opplever mange høge emosjonelle krav i kontakt med pasientar. Det å jobbe tett med menneske og handtere følelsane deira kan vere krevjande, seier Vollheim.
Emosjonelle krav er ein av fleire utfordringar i bransjen. I Arbeidsmiljøportalen kan du finne fleire utvalde arbeidsmiljøforhold som kan vere spesielt viktige å jobbe med for å redusere fråvær og fråfall og for å auke trivselen og produktiviteten i heimetenesta.
Bransjar med stort førebyggingspotensial
Frå før finst det tilpassa verktøy og tips for desse bransjane:
- industri
- frisør
- bilbransjen
- varehandel
- kontorarbeidsplassar
- undervisning – grunnskule
- undervisning – vidaregåande skule
- barnehage
- bygg
- anlegg
- næringsmiddelindustri
- petroleumsverksemd
- rutebuss og persontrafikk
- sjukeheim
- sjukehus
– Felles for desse bransjane er at dei har kjente utfordringar med arbeidsmiljøet. Samtidig har dei alle eit stort førebyggingspotensial for fråvær og fråfall, seier Vollheim.
Nyttig for å ta tak i eigne arbeidsmiljøutfordringar
Arbeidsmiljøportalen blei lansert i desember 2020. Målet med Arbeidsmiljøportalen er at verksemda i størst mogleg grad skal vere i stand til å ta tak i eigne arbeidsmiljøutfordringar – helst før dei oppstår. Verksemdene kan bruke verktøya Arbeidsmiljøhjelpen og En bra dag på jobb.
Arbeidsmiljøportalen
På Arbeidsmiljøportalen finner du kunnskap og verktøy slik at dere kan jobbe mer systematisk med de forholdene som er viktige for arbeidsmiljøet på arbeidsplassen din. Ikke optimalt arbeidsmiljø koster Norge 75 milliarder kroner hvert år.
Les videreRelaterte artikler

VERKTØY FOR ARBEIDSMILJØET: Arbeidsmiljøportalen er et resultat av Arbeidsmiljøsatsingen i IA-avtalen. ILLUSTRASJON: Arbeidsmiljøportalen.no