Fleire alvorlege traktorulykker
Sjølv om det er tidleg i sesongen, har Arbeidstilsynet allereie registrert fleire alvorlege ulykker og ei dødsulykke ved bruk av traktor.
I dei fleste ulykkene i år har traktoren velta grunna køyring i ulendt terreng eller ubalanse på lasta.
- Ver varsam og bruk setebelte når du køyrer traktor. Dersom du ikkje har montert setebelte, så må du ettermontere dette. Å bruke setebelte kan utgjere skilnaden mellom nokre blåmerke eller å verte invalid for resten av livet, seier direktør Trude Vollheim i Arbeidstilsynet.
Til saman har 24 personar døydd på jobb i næringa sidan 2015.
Det er krav om at traktorar skal ha setebelte, og dette gjeld også eldre traktorar. Arbeidstilsynet jobbar no for å få eit generelt påbod om bruk av setebelte i traktor.