Arbeidstilsynet i gang med landsdekkande Nav-tilsyn

Publisert 14.11.2022 - Lesetid: 5 min

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Arbeidstilsynet skal gjennomføre tilsyn med Nav-kontor over heile landet. Eitt av temaa som skal undersøkast, er korleis kontora jobbar med førebygging av vald og truslar.

Bildet viser et vindu med en Nav-logo på.

MÅLRETTA INNSATS: Arbeidstilsynet kontrollerer korleis Nav tek hand om ansvaret for å sikre eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø for arbeidstakarane sine. FOTO: Arbeidstilsynet.

Arbeidstilsynet vil dei kommande månadene gjennomføre tilsyn i alle fylke, og i både store og små kommunar. Tilsyna går føre seg fram til sommaren 2023. Til saman vil meir enn ein tredjedel av dei vel 260 Nav-kontora i Noreg få tilsyn.

– Vi er kjent med utfordringane mange Nav-tilsette står i. Dei møter mange som er fortvila, og NAV-tilsette risikerer å bli utsett for vald og truslar i arbeidet sitt. Dei må handtere brukarane sine følelsar og beskrivingar av vanskelege situasjonar, samtidig som dei skal opptre profesjonelt og undertrykke eigne følelsar. Målet med tilsyna våre er å bidra til betre arbeidsforhold for dei tilsette, seier direktør Trude Vollheim i Arbeidstilsynet.

Kjente risikofaktorar og utfordringar

Arbeidsrelaterte psykiske plager og muskel- og skjelettplager er dei viktigaste årsakene til sjukefråvær og fråfall i arbeidslivet og er prioriterte område for Arbeidstilsynet.

Høge emosjonelle krav, vald og truslar, uønskt seksuell merksemd, omorganisering, rollekonflikt og innsats og påskjønning i ubalanse er eksempel på forhold i arbeidet som kan bidra til psykiske plager og muskel- og skjelettplager. Dette er risikofaktorar Nav-tilsette som jobbar tett med brukarar, er utsett for.

Tilsyn avdekte svikt

Tilsyn etter den tragiske hendinga i fjor ved Nav-kontoret på Årstad i Bergen, der éin tilsett blei drepen og éin alvorleg skadd, avdekte svikt i det førebyggande helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet ved kontoret.

Etter ulykka gjennomførte Arbeidstilsynet tilsyn med både den statlege og den kommunale arbeidsgivarlinja, Nav Vestland og Bergen kommune. Tilsyna avdekte mellom anna manglar ved kartlegging og risikovurderingar, manglar ved verneombodet sin medverknad og at HMS-arbeidet hos dei to arbeidsgivarane ikkje var godt nok samordna. Dette resulterte i til saman tolv pålegg frå Arbeidstilsynet.

– Kjente risikoforhold, tidlegare tilsyn og rettleiing og funn frå ulykka ved Nav Årstad gav støtte for å prioritere Nav i tilsyn for å førebygge psykiske plager og muskel- og skjelettplager. Vi er i gang med tilsyn, og inspektørane melder at vi blir godt mottatt ved kontora, seier Vollheim.

I tillegg til å føre tilsyn har Arbeidstilsynet jobba med å rettleie Nav. I 2019 og 2020 gjennomførte vi for eksempel fylkesvise rettleiingsmøte for leiarar og verneombod ved Nav-kontor. Temaet var førebygging av vald og truslar.

Tilsyn med Nav stat og Nav kommune

Nav har to arbeidsgivarlinjer: Nav stat og Nav kommune. Dette krev god samordning av HMS-arbeidet for å vareta arbeidsmiljøet til både dei statlege og dei kommunalt tilsette ved kontora.

Når Arbeidstilsynet gjennomfører tilsyn på lokale Nav-kontor, kontrollerer vi korleis både den statlege og den kommunale arbeidsgivaren varetar ansvaret for å sikre eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø for arbeidstakarane sine. I tilsyna har vi dialog med arbeidsgivarar og verneombod for både dei statlege og dei kommunalt tilsette.

Vi legg vekt på det førebyggande arbeidet

Arbeidstilsynet kontrollerer korleis arbeidsgivarane arbeider systematisk for å førebygge arbeidsrelaterte psykiske plager og muskel- og skjelettplager.

Tema i tilsyna er mellom anna korleis dei organiserer arbeidet, kartlegg og risikovurderer psykososiale og organisatoriske faktorar, og korleis dei set i verk tiltak som kan førebygge psykiske plager, muskel- og skjelettplager og vald og truslar. Vi legg vekt på betydninga av at arbeidsgivar samarbeider med verneombod, tillitsvalde og bedriftshelsetenesta.

I Nav-tilsyna er det også viktig å sjå på korleis dei to arbeidsgivarane samordnar helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet, og om dei har avtalt kva for ein arbeidsgivar som har samordningsansvaret.

– Vi ønsker å bidra til at Nav stat og kommunane arbeider systematisk med førebygging. Berre slik kan dei redusere risikoen for at tilsette ved dei lokale Nav-kontora får arbeidsrelaterte psykiske plager og muskel- og skjelettplager, seier Trude Vollheim.

Sjå video frå tilsyn

NAV-kontoret i Tønsberg har nettopp hatt tilsyn. Dei held til i moderne lokale og har jobba mykje med sikkerheit. Leiar ved NAV Tønsberg, Per Henning Johannesen, demonstrerer eitt av to ekstra sikre rom som dei brukar: