Webinar: Verneombod og tillitsvalde si rolle i varslingssaker

Webinar

Er du som verneombod eller tillitsvald kjent med di rolle i varslingssaker? Kan du varsle på vegne av andre? Er du part i saka dersom du varslar for andre? Dette, og fleire spørsmål knytta til varsling, er tema for dette webinaret.

  • Når: onsdag 17. januar kl. 09.00-09.40
  • Hvor: arbeidstilsynet.no/webinar
  • Påmeldingsfrist: 16. januar kl. 12.00 

Meld deg på webinaret her

Innhold 

Ei varslingssak kan involvere fleire personar med ulike roller. Ansvar og rettar til dei involverte er også forskjellige. Som både verneombod og tillitsvald har du eit spesielt ansvar du bør vere merksam på. 

I webinaret skal vi mellom anna innom tema som

  • ansvar og myndigheit for dei to rollene 
  • varsling på vegner av andre 
  • konfidensialitet og rett til innsyn 

Du møter Eivind Berg og Thomas Eriksen frå Arbeidstilsynet sin servicefunksjon for varsling. 

Målgruppe 

Hovudmålgruppa er tillitsvalde og verneombod, men webinaret er ope for alle.

Påmelding 

Webinaret er gratis og ope for alle, men meld deg gjerne på slik at vi kan sende deg ei påminning før start. Du kan følgje sendinga direkte på arbeidstilsynet.no/webinar. Etter webinaret finn du lenke til opptaket på same stad. 

Chat er tilgjengeleg for spørsmål om tema under sendinga. 

Velkommen til webinar!

Illustrasjon av tre personer som står og ser på  en plakat på en vegg hvor det står "Rutine for interne varsler"