Seminar i Stavanger: Kloke grep i omstilling
Innan næringar som petroleumsindustri, politi/brannvern og offentleg administrasjon har kring 50 prosent av de tilsette opplevd omstilling eller større omorganiseringar.
Arbeidslivet er i stadig ending. Men kva kloke grep kan verksemder ta for å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø også under omstilling? Vi inviterer til seminar i Stavanger om dette temaet.
- Når: torsdag 14. september frå 13.00 til 15.00 (obs! ny dato)
- Stad: Professor Olav Hanssens vei 10, Petroleumstilsynet sine lokaler (ekstern lenke, maps.google.com)
- Påmeldingsfrist: 11. setptember kl. 12.00
Meld deg på seminar om omstilling her
Innhald
På samlinga får du råd, tips og erfaringar du kan bruke i eiga verksemd. Vi startar med fagleg innblikk i temaet omstilling, krav i regelverket og erfaringar frå tilsyn. Deretter har vi spennande gjestar i ein open panelsamtale.
Du vil også få prøve nettressursar som kan bidra i det førebyggande arbeidsmiljøarbeidet. Vi legg opp til dialog og erfaringsutveksling.
Målgruppe
Målgruppe for seminaret er leiiarar, tillitsvalgte, verneombod og HR/HMS-personell.
Påmelding
Seminaret er gratis, men du må melde deg på for å delta. Eventuelle reisekostnadar vert ikkje dekka.
Praktisk
Vi anbefaler bruk av kollektivtransport. Det er et begrenset antall parkeringsplasser tilgjengelig. Dersom du kjører egen bil må du henvende deg til resepsjonen for registrering. Du må fremvise gyldig ID og ha med registreringsnumer. Digitalt førerkort godkjennes ikke som identifikasjon.
Velkommen!