Som leiar i heimetenesta har du ei viktig rolle i å bidra til gode arbeidsforhold for dei tilsette. Arbeidsmiljøet er av avgjerande betydning for helsa og produktiviteten til dei tilsette.
Men kva er det som er viktige risikoforhold i arbeidet for dei som jobbar i heimetenesta, og som påverkar helsa til dei tilsette? Og korleis kan verksemda jobbe godt med det førebyggande arbeidsmiljøarbeidet? Det kan du lære meir om på dette nettmøtet.
Når: mandag 14. oktober 2024, 12:00 - 14:00
Hvor: Teams, påmeldte mottar lenke
På dette nettmøtet diskuterer vi utfordringar og erfaringar og snakkar om beste praksis. Du får lære meir om korleis du kan fungere godt i leiarrolla, og får snakke med leiarar frå andre verksemder. På møtet blir det rom for å stille spørsmål og dele idear og tips med kvarandre undervegs.
Vi går gjennom fakta om arbeidsmiljøet i heimetenesta. Vi snakkar om rollene i arbeidsmiljøarbeidet og korleis desse skal jobbe saman. De får også tips om verktøy som kan brukast i arbeidsmiljøarbeidet.
Målgruppe
Leiarar i heimetenesta.
Nettmøtet er gratis å delta på, men du må melde deg på. Lenke til nettmøtet blir send til påmelde deltakarar.
Påmeldingsfrist er 13. oktober kl. 12.00.
Vi ser fram til å treffe deg!
Velkommen!
Alle datoer for nettmøte for leiarar i hjemmetjenesten