Nettmøte: Kva krev lovverket av førebyggande arbeidsmiljøarbeid i bygg- og anleggsbransjen?

arbeidstilsynet.no/webinar, onsdag 19. oktober 2022 – onsdag 19. oktober 2022

Bygg- og anleggsbransjen taper kvart år over to millionar dagsverk på grunn av sjukefråvær. 40 prosent seier jobben helt eller delvis er årsaken til sjukefraværet. Må det være slik – eller er det noko du og virksomheta di kan gjøre for å få forebygge dette?

Vi inviterer til nettmøte nummer to i serien av korte nettmøter som skal gi deg kunnskap, verktøy og tiltak for å førebygge sjukefråværet i verksemda dykkar.  

Når: 19. oktober, kl. 13.00–13.40  
Kvar: Digitalt  

Meld deg på nettmøte 

Innhald

Det er betre og billigare å førebygge enn å reparere. I tillegg er det eit krav i lovverket. Til dette nettmøtet kjem Anne Sørum, nasjonal koordinator for bygg- og anleggsbransjen og overingeniør i Arbeidstilsynet. Ho skal ta oss gjennom tema som 

  • arbeidstilsynet sine prioriteringar i bygg- og anleggsbransjen
  • eksempel på arbeidsoperasjonar i utsette yrke
  • reaksjonar frå Arbeidstilsynet
  • krav i byggherreforskrifta
  • forventingane frå Arbeidstilsynet

Målgruppe 

Hovudmålgruppa for dette nettmøtet er arbeidsgivarar, byggherrar, bedriftshelsetenester, verneombod og tillitsvalde i bygg- og anleggsbransjen.

Påmelding 

Nettmøtet er ope og gratis for alle. Du kan følgje nettmøtet direkte på arbeidstilsynet.no/webinar. 

Registrer deg gjerne likevel for å få tilsendt eventuelle presentasjonar, og slik at vi kan varsle deg dersom det oppstår endringar.  
 
Om du ikkje kan delta  nettmøtet direkte, kan du sjå det i opptak på arbeidstilsynet.no/webinar når opptaket er teksta.     

Velkommen!