BHT erfaringssamling Trondheim: Kartlegging og risikovurdering
Kartlegging og risikovurdering legg grunnlaget for det systematiske HMS-arbeidet i verksemdene. BHT skal hjelpe verksemdene med det førebyggjande arbeidsmiljøarbeidet.
Kva er ei god risikovurdering? Korleis skal verksemdene lukkast med det systematiske førebyggjande arbeidet?
Velkomne til erfaringssamling for alle som jobbar i bedriftshelsetenesta.
- Når: torsdag 18. januar kl. 12.00-15.30
- Stad: Statens Hus, Prinsens gt. 1, møterom Indre Fosen
- Påmeldingsfrist: 17. januar kl. 12.00
Innhald
På samlinga vil vi gå gjennom vår oppdaterte temaside om risikovurdering på arbeidstilsynet.no. Ein inspektør skal fortelje kva dei ser etter ved tilsyn knytt til risikovurderingar, og korleis dei vurderer desse. Petroleumstilsynet vil òg vere til stades.
Ikkje minst vil vi ha god tid til erfaringsdeling og gruppediskusjonar.
Målgruppe
Alle tilsette i bedriftshelsetenesta.
Påmelding
Erfaringssamlinga er gratis, men du må melde deg på. Frist for påmelding er 17. januar kl. 12. Vi har eit avgrensa antal plassar. Skulle du hindrast i å møte, er det viktig at vi får beskjed så tidleg som mogleg
Vel møtt!