Samordning av verne- og miljøarbeidet på arbeidsplass med fleire arbeidsgjevarar

Bestillingsnummer 504 A
Nynorsk

Der fleire arbeidsgjevarar/verksemder samstundes driv verksemd på same arbeidsplassen, har hovudverksemda ansvaret for å samordna verne- og miljøarbeidet.

Skjemaet blir brukt for å sikra tilstrekkeleg dokumentasjon på kven som er hovudverksemd og kva for nokre verksemder som vert omfatta av samordninga. Hovudverksemda skal fylla ut skjemaet, med opplysningar om kva for nokre verksemder som er omfatta og aktuelle kontaktpersonar.

Skjemaet er til oppslag på arbeidsplassen til orientering for arbeidstakarar, tillitsvalde og vernepersonalet.

Opplysningane skal kunna dokumenterast når Arbeidstilsynet krev dette.

Elektronisk utgåve

Du kan laste ned dette skjemaet til di eiga maskin. Dersom du følgjer peikaren nedanfor, starter nedlastinga frå Arbeidstilsynets leverandør Signform. Skjemaet finns både i wordformat og i ODF-format, og kan fyllast ut på skjermen.

Dersom du har problem med å laste ned eit skjema, kan du få hjelp frå dei som har programmert skjemaene: Signform info@signform.no

Endringar som følgje av ny arbeidsmiljølov

Ny arbeidsmiljølov vart sett i verk 1.januar 2006. Det er gjort strukturelle endringar i lova som medfører at paragrafen som regulerar dette er flytta ifrå § 15 i gamal lov til § 2-2 i ny. Difor er det ei lita tilvising i rettleiingsdelen som er feil. Denne vil korrigerast ved neste opplag. Elektronisk utgåve er korrekt.

BESTILL TRYKT UTGAVE
Samordning av verne- og miljøarbeidet på arbeidsplass med fleire arbeidsgjevarar
Distributør: Gyldendal akademiske ()
Bestillingsnummer: 504 A
Sist trykket: 01.02.1993
Type: Skjema
Pris: 0.00 inkl. mva.
Antall: