Arbeidstilsynet skal ha førehandsmelding om bygge- eller anleggsarbeid der arbeidet skal vare utover 30 virkedagar eller om forventa arbeidsmengde er meir enn 500 dagverk, jf. byggherreforskriften § 10.
Arbeidsplassar som varer over kortare tid enn dette, har ikkje plikt til å gje melding. Skjemaet her skal nyttast til førehandsmeldinga.
Meldinga skal sendast til Arbeidstilsynet sitt lokalkontor seinast ei veke før arbeidet tek til.
Du kan levere skjemaet gjennom nettportalen Altinn.
Altinn er den norske felles internettportalen for elektronisk dialog mellom næringslivet og det offentlege.
Du kan og laste ned skjemaet til di eiga maskin. Dersom du følgjer peikaren nedanfor, startar nedlastinga frå Arbeidstilsynets leverandør Signform. Skjemaet kan fyllast ut på skjermen.
Om du har problem med å laste ned eit skjema, kan du få hjelp frå dei som har programmert skjemaene: Signform info@signform.no
Skjemaet vart revidert i desember 2009 på grunn av ny byggeherreforskrift med iverksetjing 1. januar 2010. Trykt utgåve er ikkje tilgjengeleg.