Inneklimaopplæring i alle fylker

29.01.2015
I samarbeid med Helsedirektoratet, Utdanningsdirektoratet, fylkesmennene og Arbeidstilsynet vert det no gjennomført opplæring i alle fylker for å bidra til eit betre inneklima i norske skular.

 

Overlege Jan Vilhelm Bakke i Arbeidstilsynet har deltatt i opplæringa på vegne av Arbeidstilsynet.Overlege Jan Vilhelm Bakke i Arbeidstilsynet har deltatt i opplæringa på vegne av Arbeidstilsynet. 

I løpet av 2014 har det vore gjennomført opplæring i Hordaland, Buskerud, Finnmark, Oslo, Akershus, Sør- og Nord-Trøndelag, Oppland, Hedmark og Telemark. I 2015 er det allereie gjennomført opplæring i Aust- og Vest-Agder, og sju fylker står no for tur.

Deltakarane har vore rådmenn, kommuneoverlegar, rektorar, skulehelsetenesta, kommunal forvaltningsetat, teknisk driftspersonell, dei som arbeider med miljøretta helsevern og lokale politikarar. Det har vore mellom 70 og 100 deltakarar på dei ulike samlingane som skal bidra til eit krafttak for arbeidet med miljøretta helsevern i norsk skule.

På samlingane fortel Arbeidstilsynet om kva for verknadar skulemiljø har på helse, læring og trivsel, og om kva Arbeidstilsynet fann på sine inneklimatilsyn i skulene i 2010-2012.

Det er fylkesmennene som sender ut invitasjonar i dei ulike fylka. Frå 2015 deltar også Direktoratet for byggkvalitet på samlingane med eigne innlegg.

Nettressurser