Meldeplikta til legane

Alle legar skal melde frå om sjukdom som dei trur kjem av arbeidssituasjonen til pasienten. Meldinga skal skje på skjemaet «Melding om arbeidsrelatert sjukdom» og sendast til rett tilsynsmyndigheit.

Send skjemaet til rett tilsynsmyndigheit

Send meldinga per post til Arbeidstilsynet, Pb. 4720 Torgarden, 7468 Trondheim.

Om du bruker ferdig frankerte svarkonvoluttar frå Arbeidstilsynet, sender du dei til adressa som står på konvolutten.

Du kan også sende meldinga via eDialog.

Send meldinga til Havindustritilsynet, Pb. 599, 4003 Stavanger.

Send meldinga til Luftfartstilsynet, Pb. 243, 8001 Bodø.

Bruk same skjema til både Arbeidstilsynet, Havindustritilsynet og Luftfartstilsynet.

Arbeidstilsynet kan ikkje vidaresende skjema til andre myndigheiter dersom legen har sendt det til feil myndigheit. Dette skuldast innstrammingar i regelverket om personvern. 

Last ned meldeskjema

Du kan laste ned skjemaa til di eiga maskin. Du finn rettleiing til utfylling på side 6 i dokumenta:

Last ned meldeskjema for arbeidsrelatert sjukdom

Last ned på nynorsk (pdf)

Skjemaet er låst for redigering, og det er berre svarfelta som er opne for utfylling.

Vi rår deg til å bruke anten Adobe Reader eller ein nettlesar med full støtte for PDF-filar når du fyller ut.

Dersom du bruker ein Apple-eining (for eksempel ein Mac), bør du bruke noko anna enn Preview-programmet. Grunnen er at Preview ikkje har full støtte for PDF, og du kan få trøbbel med å opne skjemaet.

Dersom du har problem med å laste ned eller fylle ut eit skjema, kan du få hjelp frå Signform som har programmert skjemaa: info@signform.no

Last ned på bokmål (pdf)

Skjemaet er låst for redigering, og det er bare svarfeltene som er åpne for utfylling.

Vi anbefaler at du bruker enten Adobe Reader eller en nettleser med full støtte for PDF-filer når du fyller ut.

Hvis du bruker en Apple-enhet (for eksempel en Mac), bør du bruke noe annet enn Preview-programmet. Grunnen er at Preview ikke har full støtte for PDF, og du kan få trøbbel med å åpne skjemaet.

Dersom du har problemer med å laste ned eller fylle ut, kontakt Signform på e-post: info@signform.no

Dersom skjemaet er fullstendig utfylt, får meldaren eit honorar på 150 kroner.

Last ned meldeskjema for arbeidsrelatert skade

Last ned skjema på nynorsk (pdf)

Skjemaet er låst for redigering, og det er berre svarfelta som er opne for utfylling.

Vi rår deg til å bruke anten Adobe Reader eller ein nettlesar med full støtte for PDF-filar når du fyller ut.

Dersom du bruker ein Apple-eining (for eksempel ein Mac), bør du bruke noko anna enn Preview-programmet. Grunnen er at Preview ikkje har full støtte for PDF, og du kan få trøbbel med å opne skjemaet.

Dersom du har problem med å laste ned eller fylle ut eit skjema, kan du få hjelp frå Signform som har programmert skjemaa: info@signform.no

Last ned på bokmål (pdf)

Skjemaet er låst for redigering, og det er bare svarfeltene som er åpne for utfylling.

Vi anbefaler at du bruker enten Adobe Reader eller en nettleser med full støtte for PDF-filer når du fyller ut.

Hvis du bruker en Apple-enhet (for eksempel en Mac), bør du bruke noe annet enn Preview-programmet. Grunnen er at Preview ikke har full støtte for PDF, og du kan få trøbbel med å åpne skjemaet.

Dersom du har problemer med å laste ned eller fylle ut, kontakt Signform på e-post: info@signform.no

Skadar er ikkje omfatta av meldeplikta og blir ikkje honorert.

Desse opplysningane må du fylle ut

Skjemaet ber deg fylle ut opplysningar om

  • pasienten
  • arbeidsgivaren
  • yrke
  • type sjukdom
  • bakgrunn for sjukdommen

Opplysningane blir behandla konfidensielt og er svært viktige for det førebyggande arbeidet til tilsynsmyndigheitene.

Bestill papirskjema og konvoluttar

Du kan bestille papirskjema og ferdig frankerte konvoluttar på e-post:post@arbeidstilsynet.no

I e-posten må du oppgi

  • om du ønsker meldeskjema for sjukdom eller meldeskjema for skade
  • kor mange skjema og/eller konvoluttar du vil ha
  • om du ønsker skjema på nynorsk eller bokmål
  • postadressa di 

Du kan bruke dei same skjemaa til alle tilsynsmyndigheitene.

Konvoluttane kan berre brukast for meldingar til Arbeidstilsynet, det vil seie meldingar som gjeld landbaserte verksemder. Du kan også sende meldinga via eDialog.

Kva skal legen melde frå om?

Både fysiske og psykiske helseplager kan oppstå eller bli forverra av arbeidsmiljøet.

Legar skal melde frå om alle sjukdommar og plagar som dei trur kan skuldast arbeidet til pasienten.

Det er nok at legen har mistanke om at sjukdommen har samanheng med arbeidet. Meldinga føreset ikkje at det er tatt endeleg stilling til årsakssamanhengen. Ho krev heller inga fullstendig førehandsutgreiing.

Det er legen sjølv som må velje kva for tilfelle som bør meldast. Det er like relevant å melde frå om muskel- og skjelettplager og psykiske plager som det er å melde lungesjukdom eller kreft.

Tilsynsmyndigheitene ønsker også melding om skadar som skuldast arbeidet. Men i motsetning til sjukdom, er skadar ikkje meldepliktige etter lova. Derfor må pasienten tillate at skaden meldast.

Melding om skadar blir ikkje honorert. 

Kvifor melde frå?

Arbeidstilsynet og dei andre myndigheitene er avhengige av informasjon frå legane for å kunne målrette det førebyggande arbeidsmiljøarbeidet. 

Enkeltmeldingar eller fleire likearta meldingar kan føre til at Arbeidstilsynet set i verk tiltak mot farlege produkt, arbeidsprosessar eller arbeidsutstyr, eller overfor særskilte bransjar. Meldingar om risikoforhold som er lite kjente, blir brukt til å sette i verk kartleggings- og forskingsarbeid.

I enkelte tilfelle kan tilsynsmyndigheita følge opp enkeltmeldingar for å førebygge nye sjukdomstilfelle. Dersom Arbeidstilsynet veljer å følge opp ei melding der vi må namngi pasienten overfor arbeidsgivaren, tar vi kontakt med pasienten for å få samtykke.

Pasienten kan ta med ein kopi av meldeskjemaet for sjukdom eller meldeskjemaet for skadar for å orientere arbeidsgivaren og bedriftshelsetenesta om helsefarlege forhold i arbeidet. Skjemaet kan også synleggjere behov for tilrettelegging.

Dersom pasienten kan ha rett til å få dekt utgifter til helsetenester for ein yrkesskade, kan han eller ho gi ein kopi av meldeskjemaet til NAV og arbeidsgivaren sitt forsikringsselskap.

Legen skal fylle ut og sende inn skjemaet også når pasienten ikkje har rett til dekte utgifter eller stønad frå NAV.

Arbeidsrelaterte sjukdommar omfattar langt meir enn kva folketrygdlova og lov om yrkesskadeforsikring godkjenner som «yrkessjukdommar». Skjemaet gir kunnskap som gjer det mogleg å førebygge slike sjukdommar.

Regelverk

Arbeidsmiljøloven § 5-3 Leges meldeplikt


Konverter denne siden til PDF