Plikta arbeidsgivaren har til å vurdere tiltak for fysisk aktivitet

Konkrete råd

  • Fysisk aktivitet kan gi positiv effekt for både verksemda og dei tilsette.
  • Husk å involvere arbeidstakersida når tiltak skal vurderast.

 

 

 

Om plikta til arbeidsgivaren

Arbeidsmiljølova pålegg arbeidsgivaren ei plikt til å vurdere tiltak for fysisk aktivitet på arbeidsplassen. Føresegna skal sikre at verksemdene legg vekt på fysisk aktivitet for arbeidstakarane, sidan ein reknar med at dette har gunstige helseeffektar.

Når er plikta oppfylt?

Føresegna er oppfylt dersom arbeidsgivaren kan dokumentere at fysisk aktivitet er vurdert i tilknyting til det systematiske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet i verksemda. Det er med andre ord ikkje krav om at tiltak om fysisk aktivitet faktisk blir sette i verk. Føresegna gir berre plikt til å vurdere moglege tiltak. Det blir ikkje stilt krav om kvar eller på kva måte den fysiske aktiviteten eventuelt skal gå føre seg.

Kva som vil kunne vere aktuelle tiltak, vil variere frå verksemd til verksemd.

Arbeidstakarane pliktar ikkje å bruke tiltak som eventuelt blir sette i verk. Sjå elles meir under arbeidsmiljølova §3-4 - om vurdering av tiltak for fysisk aktivitet.

Korleis går ein fram?

  • Ei vurdering av tiltak for fysisk aktivitet må ein sjå i samanheng med krava i arbeidsmiljølova til det systematiske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet.
  • Vurderinga skal gjerast i samarbeid med dei tilsette i verksemda og deira tillitsvalde. Arbeidsmiljøutvalet eller tilsvarande kan vere eigna forum for slike vurderingar.
  • Vurderinga skal bli gjort på ein fagleg forsvarleg måte og kunne dokumenterast.
  • Vurderinga skal ta omsyn til særtrekka ved bransjen og dei jobbkrava som blir stilte til dei tilsette.
  • Viss verksemda set i verk tiltak for fysisk aktivitet, skal tilbodet omfatte alle dei tilsette utan at dette medfører nokon plikt til å delta.

 

Se også

Hvem kan bistå

Regelverk

Nettressurser