YL-merking

”Jeg arbeider med renhold. Kan noen av de vaskemidlene vi bruker være farlige for meg?”

Les svaret her

Konkrete råd:

  • Be om YL-merkede produkter hos leverandøren. Dette er et godt verktøy for deg når du skal gjøre vurderinger av hvilke produkter dere skal benytte i virksomheten.
  • Husk at YL-merkingen ikke gjelder ved sprøyting med løsemidler.

Kva er YL-merking

YL-merking set brukarar i stand til å vurdere risikoen ved å bruke eit produkt som inneheld løysemiddel. Merkinga deler produkta i sju grupper, frå 00 til 5. Jo høgare talet er, jo større er krava til ventilasjon og verneutstyr ved bruk av stoffet. Viss to produkt kan løyse ei oppgåve like godt, bør ein derfor alltid velje produktet med det lågaste YL-talet. Det vil gi minst risiko for løysemiddelskade.

YL står for «yrkeshygienisk luftbehov», det vil seie den luftmengda som er nødvendig for å fortynne løysemiddeldampane til eit forsvarleg nivå og under tiltaksverdien. Tiltaksverdien for eit stoff viser den høgaste akseptable konsentrasjonen i arbeidsatmosfæren i gjennomsnitt over eit åttetimars skift.

YL-gruppa blir berekna ut frå fordampingsevna og tiltaksverdien til løysemiddelet og gir ein peikepinn om behovet for ventilasjon.

Du kan lese meir om kjemisk og biologisk helsefare i arbeidsmiljølova § 4-5 (lovdata.no)

Ikkje lenger eit krav frå myndigheitene

I Noreg har vi tidlegare hatt ei eiga forskrift med krav om at produkt som inneheld løysemiddel, skulle bli YL-merkte. På grunn av EØS-reglar blei denne forskrifta oppheva i 2005, og det er no frivillig for dei som produserer, importerer eller omset produkta om dei vil fortsette å opplyse om YL på boksar/emballasje og sikkerheitsdatablad.

Arbeidstilsynet anbefaler at leverandørane fortset med å berekne og opplyse om YL-tal.

 

Kvar finst løysemiddel

Løysemiddel er mykje brukte i norsk arbeidsliv. Dei finst typisk i lim, måling, lynol, tynnarar og andre reinsemiddel, men inngår også i tusenvis av andre ferdigprodukt som kan brukast ved reinsing, avfeitting, lakkering, reingjering, trykk, fortynning, impregnering, destillasjon og i all mogleg form for produksjon.

Eksponering kan gi helseskade

Det er evna til å løyse opp andre stoff og den hurtige fordampinga som gjer løysemidla så nyttige og praktiske – og farlege. Løysemiddel som fordampar, forureinar lufta vi pustar inn, og blir transporterte vidare frå lungene til blodet. Gjennom blodet blir løysemidla frakta til viktige organ i kroppen, særleg hjerne og nervesystem, der dei kan gjere stor skade.

Be om YL-tal

YL-merkinga er eit godt innarbeidd verktøy som gjer det enkelt for brukaren å velje det produktet som produserer minst løysemiddel. Per i dag finst ingen andre, tilsvarande hjelpemiddel.

Arbeidstilsynet anbefaler at du som brukar spør etter informasjon om YL-gruppe når du handlar løysemiddelhaldige produkt.

Risikovurdering og substitusjon

Arbeidsgivaren har ansvaret for å vurdere risikoen ved å bruke løysemiddelhaldige produkt, og for å vurdere moglegheita for å byte ut farlege produkt med produkt med lågare helserisiko. Føremålet er å sikre at nødvendige tiltak for å beskytte arbeidstakarane blir gjennomførte.

YL-merking er eit godt verktøy i dette arbeidet. Det er likevel ikkje noko krav om at ein må bruke YL-gruppe i risikovurderinga dersom ein kan gjere ei forsvarleg vurdering på anna vis.

Plassering av merkinga

Merket med YL-gruppe stod tidlegare på sjølve fareetiketten. No vil dette stå ein annan stad på etiketten eller på emballasjen.

På sikkerheitsdatablada kan YL-gruppe bli lagd inn under punkt 16.

Visse avgrensingar

Vurderinga av YL-gruppe gjeld ikkje ved sprøyting. Aerosolane i sprøytetåka gir ei langt raskare fordamping av løysemiddel, og det kan også vere andre helsefarlege stoff i stoffblandinga. Strengare vernetiltak er derfor nødvendige for denne typen arbeidsoperasjonar.

Tiltaksverdiane inngår i berekninga. Desse er sette på ulike grunnlag for forskjellige løysemiddel, alt etter kva biologiske effektar dei har. Dette forholdet må også bli tatt med i risiko- og substitusjonsvurderinga.

Se også

Hvem kan bistå

Regelverk

Last ned