Yrkesskadeforsikring er ei forsikring som skal dekke tap, utgifter og eventuell erstatning i samband med sjukdom eller skade, påført i arbeidssamanheng.
Forsikringa gjeld for eksempel skade eller sjukdom som er
Belastningsskadar blir ikkje rekna som yrkesskadar.
Viss det er tvil om skaden er påført i ein arbeidssituasjon sett i forhold til ulykkesstaden, tidspunktet for ulykka eller kva gjeremål ein utførte då ulykka skjedde, er det uansett viktig å melde kravet for å få vurdert om forsikringa gjeld.
Ved ei vurdering av rett til forsikringsdekning skal ein sjå bort frå om arbeidstakaren er særleg mottakeleg for skade eller sjukdom, viss ikkje dette kan seiast å vere den største årsaka.
Arbeidsgivaren pliktar å teikne yrkesskadeforsikring for alle dei tilsette. Dette er bestemt i lov om yrkesskadeforsikring (staten har ei eiga ordning).
På konstateringstidspunktet er forsikringsselskapet ansvarleg for skadekostnader/erstatning. Konstateringstidspunktet er det tidspunktet då vedkommande første gong oppsøkte medisinsk hjelp for sjukdommen eller skaden, eller første gong melde krav til forsikringsgivaren. Viss den skadde/sjuke ikkje lenger er i arbeid, er forsikringsselskapet til den siste arbeidsgivaren ansvarleg.
Foreldingsfristen mot forsikringsgivaren er tre år. Fristen begynner å gå ved slutten av det kalenderåret då arbeidstakaren fekk – eller burde skaffa seg – nødvendig kunnskap om forholdet som grunngir kravet.
Dersom den ansvarlege arbeidsgivaren ikkje har teikna yrkesskadeforsikring, vil arbeidstakaren likevel ha dei same krava på forsikringsdekning. Det er etablert ei ordning der forsikringsselskapa då er ansvarlege i fellesskap. I slike tilfelle må ein kontakte Yrkesskadeforsikringsforeningen. Dette er kontoret som forvaltar ordninga for forsikringsselskapa.
Yrkesskadeforsikringa kan gi krav på betydelege utbetalingar i tillegg til det arbeidstakaren har krav på etter folketrygdlova. Aktuelle krav er
Lova gjeld ikkje oppreisning for skade av ikkje-økonomisk art. Ved grov aktlaus åtferd frå arbeidstakaren kan erstatninga bli redusert eller falle heilt bort. Dette skal likevel ikkje innskrenke retten dei etterlatne har til erstatning.
Arbeidsgivaren skal
Arbeidstakaren skal
Legen skal
Livsforsikringsselskapa eller lovavdelinga til Justisdepartementet gir nærmare informasjon om yrkesskadeforsikringslova.