Arbeidsgivaren har ansvaret for arbeidsmiljøet, også for at ingen blir utsette for røyk på arbeidsplassen. Alle har krav på eit røykfritt arbeidsmiljø. For arbeidstakarar inneber tobakksskadelova at ekspedisjonslokale, arbeidsrom der to eller fleire arbeider, korridorar, trappeoppgangar, toalett og heisar på arbeidsplassen skal vere frie for røyk.
Du kan lese meir om krav til det fysiske arbeidsmiljøet i § 4-4 i arbeidsmiljølova.
Det er ikkje tillate å røyke i lokale der det blir servert mat og/eller drikke. Dette gjeld også kantiner og spiserom.
På uteserveringar kan røyking vere tillate dersom avskjermingar ikkje er til hinder for tilstrekkeleg naturleg ventilasjon, og røyking ikkje blir til plage.
Følgande føresetnader må vere oppfylte:
I ein del tilfelle kan ulike former for skjerming hindre den naturlege utluftinga, og føre til at røyking på uteserveringa blir forbode. Pass derfor på at eventuelle leveggar ikkje når høgare enn til (sittande) skulderhøgd når det også er tak/markise over uteserveringa.
Røykeforbodet skal bli merkt med godt synlege skilt.
Kommunen er tilsynsmyndigheit når det gjeld røyking på offentleg stad.
Enkeltkontor der andre enn brukaren sjølv ikkje treng å opphalde seg, fell utanfor hovudregelen om eit røykfritt arbeidsmiljø. Føresetnaden for å kunne røyke på enkeltkontor er at røyken ikkje siver ut i fellesareal eller andre kontor. Dette inneber ei spesiell tilpassing av ventilasjonen.
Arbeidsgivaren kan likevel i kraft av styringsretten bestemme at arbeidsplassen skal vere heilt røykfri.
Arbeidsgivaren kan innreie eit særskilt røykerom. I desse tilfella må ventilasjonen og utforminga av rommet sikre at røyken ikkje siver ut. Standarden i dei røykfrie lokala må ikkje vere dårlegare enn i dei lokala der røyking er tillate.
Arbeidsgivaren er likevel ikkje forplikta til å legge forholda til rette for røyking. Arbeidstakaren har heller ikkje krav på eigne røykepausar. Røykerom må ikkje bli lagde nær kantiner og brukast på ein slik måte at kantinebeteninga må rydde etter tilsette som et på røykerommet. Det kan vere nødvendig med merking av røykerom og instruksar for å unngå å belaste for eksempel reinhaldspersonale og kantinetilsette med tobakksrøyk.
Det kan bli installert såkalla røykeboksar/moduloppbygde røykerom med filtrert og resirkulert luft. I desse tilfella må ventilasjonen og utforminga av røykeboksen sikre at røyken ikkje blir spreidd til omgivnadene. Vernetenesta skal vere med på råd dersom ein vurderer å innføre ei slik løysing. Arbeidstilsynet anbefaler at ein så langt det er mogleg bruker røykerom med dør og ventilasjon der avtrekkslufta blir ført ut.
Ta opp problemet med arbeidsgivaren, gjerne via verneombodet eller arbeidsmiljøutvalet. Det kan også vere naturleg å kontakte bedriftshelsetenesta, dersom verksemda har dette. Dersom dette ikkje fører fram, kan ein kontakte Arbeidstilsynet.
Det er Arbeidstilsynet som fører tilsyn med at lova blir overhalden i arbeidslokale. For andre lokale som er omfatta av tobakksskadelova, er det kommunen som er tilsynsmyndigheit.