Latekshanskar og lateksallergi

Konkrete råd

  • Vær oppmerksom på de forskjellige egenskaper de ulike hanskene har.
  • Bedriftshelsetjenesten (dersom virksomheten har dette) bør hjelpe deg i vurderingen av hvilken hansketype du skal bruk.

Om lateksallergi

Arbeidstilsynet registrerte i fleire år ein auke i melde tilfelle av lateksallergi, spesielt blant helsearbeidarar, som er storforbrukarar av latekshanskar. Det er stor forskjell på kor allergiframkallande dei forskjellige latekshanskane er. Korleis hanskane blir brukte, er også viktig.

Førebygging av lateksallergi

Latekshanskar bør vere pudderfrie, med lågt innhald av allergen/løyselege protein, gummitilsettingsstoff og endotoksin. Det er vist at ved overgang til slike hanskar vil frekvensen av nye allergitilfelle falle, og ein del allergikarar med lette symptom vil kunne fortsette på same arbeidsplass. Dette har også betyding for pasientane.

Det bør bli stilt krav til leverandøren om å levere slike hanskar og dokumentere at hanskane tilfredsstiller krava.
 

Val av hanskar

Ved val av hanskar er det mange forhold som skal bli vurderte. Mykje tyder på at hanskar ofte blir brukte i arbeid der det eigentleg ikkje er nødvendig med slikt vern. Det er dessutan viktig å vite kva hansken skal beskytte mot, og kor lenge arbeidet skal gå føre seg. Det er ei vanleg førestilling at «ein hanske er ein hanske», og at alle hanskar beskyttar like godt. Dette er langt frå tilfelle. Haldbarheit og gjennomtrengelegheit vil variere mellom forskjellige hanskemateriale og også mellom forskjellige hanskemerke laga av same materiale.

Der det ikkje er fare for smitte, bør det brukast lateksfrie hanskar, for eksempel ved handtering av mat, reinhald, gipsing med meir. Ved stor smittefare eller ved handtering av ein del kjemiske stoff bør ein velje latekshanskar, dersom ein ikkje har lateksallergi.

Når ein vel latekshanskar, bør ein i tillegg vurdere dei allergiframkallande eigenskapane til hanskane. Dei viktigaste faktorane her er innhaldet av allergen/protein, gummitilsettingsstoff, endotoksin og pudder.

Allergen-/proteininnhald i latekshanskar

Lateksallergi er forårsaka av allergen (allergiframkallande stoff), som er protein som finst i lateks (naturgummi). Protein kan også bli tilførte i produksjonsprosessen.

Gummitilsetningsstoffer

Allergi mot gummtilsettingsstoff har vore kjent lenge. Dei mest allergiframkallande stoffa er thiuram, medan karbamat, mercaptobenzotizolar og parafenylendiamin (PPD) noko sjeldnare forårsakar allergi.

Endotoksin

Dette er stoff som kjem frå bakteriar og er eit uttrykk for bakteriell forureining ein eller annan stad i produksjonsprosessen. Sjølv om bakteriane blir drepne i prosessen eller ved sterilisering etterpå, kan desse bakterierestane forårsake reaksjonar. Lågt endotoksininnhald vil seie < 20 EU (endotoxin units) per hanskepar.

Pudder

Pudderet (som oftast maisstivelse) er i seg sjølv lite allergiframkallande, men det bind til seg allergen frå lateks. Pudderet blir kvervla ut i lufta, og allergena blir på den måten luftborne. Dette kan forårsake symptom frå auge og luftvegar hos dei som allereie er allergiske og framkalle allergi hos dei som ikkje er det. Dessutan tørkar pudderet ut og verkar irriterande på huda, noko som aukar risikoen for å utvikle eksem og allergi.

 

Krav til hanskar

Frå 14. juni 1998 har det vore krav om CE-merking for alt medisinsk utstyr, også hanskar. Det er utarbeidd tre standardar for eingongshanskar til medisinsk bruk:

  • EN 455-1, krav til prøving på fråvær av hòl
  • EN 455-2, krav til og prøving av fysiske eigenskapar
  • EN 455-3, krav til og prøving av biokompatibilitet

På førespurnad skal ein få oppgitt frå produsenten/omsettaren kva for kjemikaliar som er tilsette eller finst i hanskane.

Latekshanskar skal bli merkte med at dei inneheld lateks som kan forårsake allergiske reaksjonar.

Viss hanskane blir merkte med proteininnhald, er det ikkje tillate å oppgi verdiar under 50 µg/g, og hanskane skal ikkje kallast hypoallergiske. Pudra hanskar skal bli merkte, og talkum skal ikkje brukast.

Gjennomtrengelegheit

Det finst ingen standard som stiller krav til gjennomtrengelegheita til medisinske hanskar, noko som finst for vernehanskar. Medisinske hanskar blir rekna som medisinsk utstyr, medan vernehanskar blir rekna som personleg verneutstyr, og dei høyrer inn under kvart sitt regelverk.

Enkelte hanskar er testa opp mot båe setta med standardar. Standard EN 374 gjeld for vernehanskar mot kjemikaliar og mikroorganismar. Det blir også stilt funksjonskrav (EN 374-1), krav til motstand mot gjennomtrenging (EN 374-2) og krav til motstand mot molekylær gjennomtrenging av kjemikaliar (EN 374-3).

Forskjellige hanskar har vore testa på gjennomtrengelegheit for ein del faktorar og stoff, blant anna når det gjeld virus, tannfyllingsmateriale (komposittmateriale/akrylat), flyoljar og flydrivstoff. Testane har vist at latekshanskar beskyttar betre mot virus enn vinylhanskar, som igjen beskyttar betre enn polyetylenhanskar.

Nitrilhanskar beskyttar betre mot komposittmateriale/akrylat enn både lateks og vinyl. Nitrilhanskar beskyttar også best mot flyoljar og flydrivstoff, men lateks- og vinylhanskar gir godt nok vern mot fleire av desse.

Ved handtering av cytostatika vil latekshanskar stort sett beskytte betre enn vinylhanskar.
Gjennomtrengelegheit for forskjellige stoff vil altså variere mellom forskjellige materiale, men også mellom forskjellige hanskemerke av same materiale. Ein bør derfor spørje både hanskeleverandørar og leverandørar av ev. kjemiske stoff om kva type hanskar som beskyttar mot kva.

Andre forhold av betydning

I tillegg til dei forholda som allereie er nemnde, vil blant anna lagringsforholda og lagringstida til hanskane, typen arbeid, kor lenge det varer og kontakt med fysiske, kjemiske og biologiske faktorar kunne påverke barriere-eigenskapane til hanskane.

For latekshanskar vil «hydrering» av hansken kunne vere viktig når hansken blir våt, dvs. at væske blir soge inn i romma mellom gummipartiklane. Dette aukar gjennomtrengelegheita for kjemiske stoff og virus, og påverkar andre eigenskapar ved hanskane, som fingerfølsemd og strekkstyrke. Grad av hydrering aukar med tida hansken er i bruk, og hydreringsgraden kan variere frå hanskemerke til hanskemerke.

Hanskar av ulike materiale

Ettersom eigenskapane til hanskane ikkje berre vil variere mellom forskjellige materiale, men også mellom forskjellige hanskemerke av same materiale, er det ikkje enkelt å gi konkrete retningslinjer på området. Vi vil likevel forsøke å gi nokre enkle generelle tilrådingar.

Latekshanskar

Hanskar laga av lateks er sterke og elastiske og derfor fine å bruke i mange situasjonar. Dei er dessutan forholdsvis rimelege. Likevel kan dei forårsake lateksallergi, og ein bør velje hanskar av andre materiale dersom ein ikkje spesielt treng det vernet som latekshanskar kan gi.
Latekshanskar gir betre vern mot smitte enn vinylhanskar. Det blir difor tilrådd å bruke latekshanskar av god kvalitet (dersom ein ikkje er allergisk) ved langvarige prosedyrar som krev handtering og kontakt med blod eller kroppsvæsker.

Dersom lateksfrie hanskar skal brukast ved fare for smitte, bør barriere-eigenskapane vere like gode som for latekshanskar.

Lateksfrie hanskar

Hanskar utan lateks finst i forskjellige materiale, både til operasjon og andre føremål. Det blir tilrådd å bruke lateksfrie hanskar ved arbeid som ikkje inneber kontakt med smitte, som for eksempel ved gipsing, handtering av mat, reinhald, med meir.

Lateksallergikarar bør unngå kontakt med lateks og blir rådde til å bruke lateksfrie hanskar. Ved spesielt risikofylt arbeid kan ein bruke doble hanskar, ev. med ein latekshanske utanpå ein lateksfri hanske.

Vinylhanskar

Desse hanskane er ikkje så sterke og elastiske som latekshanskar. Dei har heller ikkje så gode barriere-eigenskapar for smitte og mange kjemiske stoff. Men nyare typar av vinylhanskar har blitt betre, og tida vil vise om dei etter kvart kan bli gode nok på desse områda.

Inntil vidare bør ein bruke vinylhanskar når det blir stilt lågare krav til hanskematerialet, spesielt når det gjeld barriere-eigenskapar og styrke, eller ved kortvarig arbeid som kan medføre smitte.

For enkelte kjemiske stoff vil vinylhanskar likevel ha betre barriere-eigenskapar enn latekshanskar.

Nitrilhanskar

Desse hanskane har i lengre tid vore brukte som vernehanskar og byrjar etter kvart å komme inn i helsevesenet, spesielt i tannhelsetenesta. Dei er sterkare og har betre barriere-eigenskapar for mange kjemiske stoff enn både lateks- og vinylhanskar. Dette gjeld for eksempel for komposittmateriale/akrylat som blir brukte i tannfyllingar. Men dei er dyrare enn lateks- og vinylhanskar.

Lateksfrie operasjonshanskar

Operasjonshanskar utan lateks finst i forskjellige typar syntetisk gummi, blant anna neopren, styren/butylen, polypropylen, syntetisk blokksampolymer og syntetisk elastomer. Dei fleste er såpass mykje dyrare enn latekshanskar at dei stort sett vil vere reservert lateksallergikarar.

Viktig å vite ved val av hanskar

Ved val av hansketype bør ein stille seg fleire spørsmål:

  • Kven skal bruke hansken (lateksallergi)?
  • Kva type arbeid skal han brukast til?
  • Kva skal han beskytte mot?
  • Kor lenge skal han brukast?
  • Lågt innhald av protein/allergen betyr ikkje at desse hanskane er "trygge". Dei vil kunne forårsake allergiske reaksjonar hos dei som er allergiske og utvikling av allergi hos ikkje-allergiske.
  • Hanskar gir ikkje 100 prosent vern, og bruk av hanskar må ikkje skape falsk tryggleik og bli ei sovepute som hindrar andre smitteverntiltak.
  • Ein bør vaske hendene etter at ein har brukt hanskar for å fjerne mikrobar og eventuelt lateksallergen, pudder eller stoff som kan ha trengt gjennom hanskane.
  • Ved langvarig arbeid, spesielt med stoff som kan trenge gjennom hanskane etter ei viss tid, skal ein skifte hanskar med jamne mellomrom.
  • Generelle hudpleieråd: Bruk mild såpe. Skyl og tørk hendene godt, men forsiktig. Eventuelt spritvask. Varier arbeidet slik at huda får hanskefrie periodar.
  • Ver dessutan merksam på at hanskeleverandørar kan skifte hanskeprodusent og fortsette å selje hanskar under same namn og i same innpakning som tidlegare, sjølv om det dreier seg om ein helt annan hanske.

Se også

Hvem kan bistå

Last ned