Isocyanat (polyuretan)

Konkrete råd:

  • Isocyanater kan være skadelige, selv ved svært kortvarig eksponering.
  • Husk at isocyanater ikke lukter.
  • Det skal stå oppgitt i HMS-databladet for et stoff hvorvidt det inneholder isocyanater.
  • Maske med kullfilter beskytter ikke mot isocyanater. Bruk åndedrettsvern med frisklufttilførsel.

Kva er isocyanat

Når polyuretan blir varma opp, blir det frigjort farlege stoff – såkalla isocyanat. Desse stoffa kan skade luftvegane og forårsake astma.

Tidlegare målingar viste som regel svært låge mengder av isocyanat. Nye metodar viser derimot at verdiane kan bli svært høge. Grunnen er at dei gamle målemetodane ikkje tok med alle dei isocyanata som kan bli danna ved oppvarming av materiale som inneheld polyuretan.

Det blir blant anna danna isocyanat når materiale som inneheld polyuretan, blir arbeidd med eller varma opp, for eksempel når ein sveiser, varmherder, skjer eller loddar. Det er tilstrekkeleg at temperaturen blir høg i ein liten del av materialet for at det skal bli danna isocyanat. Ein reknar med at prosessen begynner ved om lag 150–200 ºC. Isocyanat luktar ikkje.

Viss verdiane er høge nok, er det er grunn til å tru at luftvegane kan bli påverka sjølv ved svært kortvarig eksponering. Nokre få andedrag kan i verste fall vere nok til å skade luftvegane.

Kvar finst isocyanat

Isocyanat finst i produkt som inneheld polyuretan. Isocyanat blir blant anna brukt i
skumgummi til møbelstopp og madrassar

  • lim og fugemasse
  • lakk, maling og overflatebehandling
  • bilinteriør
  • isolasjon og fyllstoff rundt dører og vindauge
  • isolasjon på kablar/leidningar
  • elektroniske kretskort
  • tekstilbelegg på regntøy og skosolar
  • flytemiddel i båtar

Polyuretan finn ein ofte i bransjar som blant anna bygg og anlegg, mekanisk industri, bilverkstader, støyperi og i elektronisk industri. Som nemnd over må polyuretan bli varma opp for at isocyanat skal bli frigjorde i lufta. Arbeid som kan gi risiko for eksponering, er for eksempel

  • billakkering
  • overflatebehandling med plasthaldig maling eller lakk
  • møbelproduksjon
  • sveising, lodding og skjering av overflatebehandla metall
  • produksjon og omarbeiding av uretanskumplast
  • herding av polyester, polyetre  og epoxyharpiksar
  • kjernelaging i støyperi
  • brannslukking i hus, skip og bilar

Ved brann er det stor risiko for utslepp av isocyanatgassar. Ved ein brann oppstår det også andre gassar som kan vere akutt giftige.

Helserisiko

Eksponering for isocyanat kan gi fleire symptom. Vanlegast er problem med pusteevna, for eksempel tett eller rennande nase, snue, irritasjonshoste eller naseblod. Ein kan også få hovudpine eller kjenne seg tung i hovudet. Ein kan få nedsett lungefunksjon, noko som blant anna gjer at det blir tyngre å puste når ein anstrenger seg. Ved mistanke bør legen/bedriftshelsetenesta bli kontakta.

I verste fall kan ein få astma, noko som igjen kan føre til at en vil kunne få astmaanfall kvar gong ein kjem i kontakt med isocyanat. Astma kan også føre til at luftvegane blir meir følsame for ulike typar støv og lukter generelt, for eksempel parfyme, eksos, løysemiddel med meir.

Isocyanat kan også forårsake kontaktallergi, for eksempel eksem.

Symptom på eksponering for isocyanat kan melde seg med det same, eller etter kort tid. Men det hender også at dei ikkje opptrer før fleire timar etterpå. Symptoma forsvinn ofte når ein er borte frå jobb nokre dagar.

Informasjon og merking

Sikkerheitsdatabladet skal opplyse om det dersom eit stoff inneheld isocyanat. Den som bruker eit produkt, har ofte tilgang til denne informasjonen, mens den som omarbeider ferdig materiale, sjeldan har det.

Under punkt 3 i sikkerheitsdatabladet skal det gå fram om det finst isocyanat i produktet. Det er alltid ein risiko for at isocyanat kan bli avgitte ved oppvarming. Dette skal leverandøren opplyse om i databladet.

Eit produkt som inneheld isocyanat, skal dessutan bli merkt med teksten "Inneheld isocyanat". Sjå opplysningar frå produsenten på etiketten og på databladet.

Det kan hende at farlege mengder isocyanat blir avgitte ved oppvarming, sjølv om det ikkje står på sikkerheitsdatabladet. I enkelte tilfelle har ein heller ikkje sikkerheitsdatabladet tilgjengeleg. Det sikraste er derfor å ha som utgangspunkt at alt aktuelt materiale vil avgi isocyanat ved oppvarming.

Arbeidstakaren skal ha lett tilgang til sikkerheitsdatabladet til produktet.

Vernetiltak

  • Kontroller om produkta du kjem i kontakt med, inneheld isocyanat eller polyuretan. Viss du ikkje er sikker, skal du gå ut frå at skumplast, isolerskum, understellsbehandling for bilar, lim, måling og lakk som skal tole store påkjenningar, kan innehalde isocyanat. Ver varsam slik at du unngår å puste inn damp, røyk eller tåke.
  • Undersøk om det går an å byte til produkt som ikkje inneheld isocyanat.
  • Viss du må bruke eit produkt som inneheld polyuretan, unngå å varme opp materialet til over 150 ºC. Viss du merkar ubehag når du varmar opp eit stoff til lågare temperaturar, kan det skuldast isocyanat.
  • Viss du må sveise, slipe eller skjere, bruk andedråttsvern med frisklufttilførsel. Ei maske med kolfilter beskyttar ikkje mot isocyanat.
  • For å unngå at isocyanat blir spreidde til andre arbeidstakarar, skal arbeidet bli utført i eit ventilert rom som er skilt frå dei andre arbeidsplassane.

Tiltaksverdi for konsentrasjon

Arbeidstilsynet krev at konsentrasjonen av isocyanat i lufta ikkje skal overstige 1 gram per 30 000 m³. Det vil seie at 1 gram krev eit luftrom som er 30 x 100 m i areal, og 10 m høgt. 

Opplæring

Arbeidsgivaren pliktar å gi arbeidstakaren informasjon om kjemikaliane på arbeidsplassen og kva for risiko desse medfører. Som arbeidstakar har du krav på opplæring i bruk av utstyret som blir brukt, og i vernetiltak som er nødvendige for at du skal kunne gjere jobben på ein sikker måte.

Ansvaret til arbeidsgivaren

Arbeidsgivaren har ei rekke plikter i samband med kjemikaliar. Desse omfattar alt arbeid der kjemikaliar blir brukte eller oppstår, inkludert produksjon, handtering, lagring, transport og avfallsbehandling.

 

Se også

Hvem kan bistå

Regelverk