Denne siden på andre språk:

Feriepengar

”Jeg har sluttet i jobben, og nå får jeg ikke feriepengene mine. Hva skal jeg gjøre?”

Les svaret her

Konkrete råd:

Arbeidstakar:

  • Sjekk i arbeidsavtalen din om du har krav på ferie og feriepengar utover det ferielova gir deg rett til.
  • Har du vore sjukmeld eller i permisjon i ein lengre periode, er det ekstra viktig at du sjekkar om du har fått det du skal ha av lønn, sjukepengar, feriepengar osv.

Arbeidsgivar:

  • Hugs at det ikkje er lov å inkludere feriepengar i lønn med mindre det er direkte regulert gjennom tariffavtale.

Kven har krav på feriepengar?

Retten til feriepengar er knytt til arbeidstakaromgrepet - det at ein utfører arbeid for nokon andre. Alle arbeidstakarar har rett til feriepengar. Sjølvstendige oppdragstakarar har ikkje rett til feriepengar etter ferielova fordi dei ikkje blir rekna som arbeidstakarar.

Feriepengar tener ein opp året før ferien skal avviklast - i oppteningsåret. Ferieåret er det kalenderåret ferien blir avvikla. Dersom ein ikkje har vore i jobb året før, har ein rett til å ta ferie, men ikkje rett til feriepengar.

Ferie er i utgangspunktet fritid utan lønn. Feriepengane skal erstatte lønnsbortfallet når arbeidstakaren tek ferie.

Kor mykje har ein krav på i feriepengar?

Feriepengane skal vere minimum 10,2 prosent av feriepengegrunnlaget. Arbeidstakarar over 60 år har rett på minimum12,5 prosent.

Feriepengane blir berekna ut frå det ein har fått som arbeidsvederlag (lønn o.a.) i oppteningsåret. Ikkje alle utbetalingar inngår i berekninga. Det skal til dømes ikkje bereknast feriepengar av utbetalingar som gjeld reiseutgifter, losji, feriepengar som er utbetalte i oppteningsåret, eller del av nettoutbyte. Det skal bereknast feriepengar av bonus og provisjonsbasert lønn når dette vederlaget er eit resultat av personleg arbeidsinnsats.

Feriepengegrunnlaget skal gå fram av lønns- og trekksoppgåva for oppteningsåret.

Når skal feriepengane utbetalast?

Feriepengane skal i utgangspunktet utbetalast den siste vanlege lønningsdagen før ferien. Det vanlege er likevel at verksemda utbetaler feriepengane i ein bestemt månad, til dømes juni. Reglane om utbetaling av feriepengar kan fråvikast ved tariffavtale.

Det er ikkje lov å inkludere feriepengar i lønn med mindre det er direkte regulert gjennom tariffavtale.

Opptening av feriepengar ved sjukdom, permisjon og liknande

Arbeidsgivaren skal betale feriepengar av sjukepengar som er utbetalte i arbeidsgivarperioden (opptil 16 kalenderdagar av ein sjukeperiode). Det same gjeld omsorgspengar for inntil ti dagar som arbeidsgivaren har betalt ved sjukdom hos barn eller barnepassar.

Folketrygda utbetaler feriepengar av sjukepengar for inntil 48 dagar kvart oppteningsår. Folketrygda utbetaler òg feriepengar av fødselspengar eller adopsjonspengar for ein avgrensa periode. Feriepengane frå folketrygda blir utbetalte i siste halvdelen av mai i det påfølgjande året.

Forskottering av fødselspengar eller sjukepengar gir ikkje arbeidsgivaren plikt til å utbetale feriepengar av heile beløpet. Unntaket er dersom ein har inngått ein spesifikk avtale om det, til dømes gjennom tariffavtale.

Feriepengar av dagpengar er regulert i folketrygdlova. Det gjeld både arbeidssøkjarar og permitterte. Ta kontakt med NAV for nærmare informasjon.

Når det ikkje blir avvikla ferie

Arbeidsgivaren pliktar å sørgje for at ferien blir avvikla, og arbeidstakaren pliktar å ta ferie. Ferie som likevel ikkje blir avvikla, blir automatisk overført til neste ferieår.

For ferie som ikkje blir avvikla på grunn av sjukdom eller foreldrepermisjon, gjeld andre reglar. I slike tilfelle skal feriepengar for ikkje avvikla ferie utbetalast første lønningsdagen etter at ferieåret er omme (i januar), dersom det ikkje er inngått avtale om overføring av ferie.

Feriepengar ved oppseiing

Når arbeidsforholdet tek slutt, skal arbeidstakaren ha utbetalt feriepengane som er opptente fram til sluttdatoen. Utbetalinga skal skje siste lønningsdagen før fråtredinga. Dersom delar av feriepengegrunnlaget ikkje lèt seg berekne innan dette tidspunktet, kan beløpet utbetalast i samband med det avsluttande lønnsoppgjeret.
Avtale/tariffavtale kan opne for anna utbetalingstidspunkt.

Feriepengane blir rekna inn som ein del av inntekta og blir skattlagde på vanleg måte. Det som vanlegvis skjer, er at ein betaler litt meir skatt av dei vanlege lønningane resten av året for at det reint fysisk ikkje skal bli trekt skatt av feriepengane når dei blir utbetalte. Nærmare reglar om skattetrekk får du ved å kontakte skatteetaten.

I ein del tilfelle ønskjer arbeidstakaren å få betalt for den ferien som ikkje er avvikla når tilsetjingsforholdet blir avslutta. Det mange trur er snakk om ei ekstrabetaling for ikkje avvikla ferie, dreier seg eigentleg om at ein får igjen det arbeidsgivaren har trekt i lønn i samband med utbetaling av feriepengar. Ferie er i utgangspunktet fri utan lønn. Derfor stoppar den ordinære lønna opp den tida ein tek ferie.

Det er vanleg å utbetale feriepengar ein bestemt månad, samtidig som lønna for forventa ferie blir trekt. Er ikkje all ferie avvikla når du sluttar i ein jobb, må du passe på at lønna for ikkje avvikla ferie blir utbetalt.

Den femte ferieveka

Dersom verksemda er bunden av tariffavtale som gir fem ferieveker, er den ordinære satsen 12 prosent. For arbeidstakarar over 60 år er satsen 14,3 prosent. Den femte ferieveka og den høgare satsen er likevel ein del av lønnsoppgjeret mellom partane, og ikkje ein del av ferielova.

Mange vil oppleve at det blir trekt i feriepengane for den ekstra ferien. Det blir gjort i dei tilfella der verksemda utbetaler feriepengar ein fast månad, for så å utbetale vanleg lønn i ferien. Får ein utbetalt feriepengane i til dømes juni, held det ikkje at arbeidsgivaren held igjen lønn for juni månad. Arbeidsgivaren må trekkje det beløpet som tilsvarer fem vekers lønn, slik at ein kan få utbetalt vanleg lønn i alle dei fem ferievekene. I og med at det ikkje er fem veker i ein månad, blir dei andre dagane trekte av feriepengane. Satsen for feriepengar er gjord høgare nettopp for å kunne dekkje opp for lønnsbortfallet i den ekstra ferien.

Dersom du framleis er usikker på om dette blir gjort på rett måte, må du ta kontakt med personalansvarleg eller tillitsvald. Arbeidstilsynet kan ikkje ta stilling til om utrekningsmåten er rett. Du bør be om eit oppsett frå personalansvarleg som gir deg høve til å kontrollere at utbetalinga du får, stemmer.

 

Se også

Hvem kan bistå

Regelverk