Les svaret her”Får jeg ikke automatisk utsatt ferien min når jeg blir syk?”
Etter ferielova har alle arbeidstakarar krav på minst 25 arbeidsdagar ferie kvart år.
Kvardagar inkludert laurdagar er arbeidsdagar. Søndagar og helgedagar blir ikkje rekna som arbeidsdagar. Normalt tilsvarer seks arbeidsdagar ei veke. Arbeidstakarar har altså krav på fire veker og éin dag ferie kvart kalenderår.
Tariffoppgjeret 2000/2001 gav mange arbeidstakarar ei femte ferieveke. Denne ekstra ferien - som normalt òg gir ei forhøging av feriepengesatsen frå 10,2 prosent til 12 prosent - er ein del av lønnsoppgjeret og ikkje ein del av ferielova.
Arbeidstakarar som fyller 60 år i løpet av ferieåret, har krav på ei veke ekstra ferie. Du bestemmer sjølv når du tek denne ekstraferien, men du må varsle arbeidsgivaren minst to veker før.
Som arbeidstakar kan du ikkje krevje å dele opp ferien i enkeltdagar utan avtale med arbeidsgivaren. Dersom den vanlege arbeidstida di er tre dagar i den veka du tek ferie, har du brukt ei ferieveke og ikkje tre feriedagar.
Som arbeidstakar har du rett og plikt til å avvikle full ferie; det gjeld òg når du skifter arbeidsgivar. Arbeidsgivaren pliktar å sørgje for at arbeidstakarane avviklar full ferie.
Arbeidstakaren kan likevel nekte å ta ferie dersom feriepengane som er opptente hos noverande og/eller tidlegare arbeidsgivar, ikkje dekkjer lønnsbortfallet under ferien. Men du kan ikkje nekte å ta ferie dersom verksemda stansar drifta heilt eller delvis i samband med ferieavvikling (til dømes under fellesferien).
Det er lovstridig om arbeidsgivaren ikkje sørgjer for at arbeidstakarane tek ferie, og det kan såleis medføre erstatningsplikt.
Arbeidsgivaren skal drøfte tidspunktet for ferien med arbeidstakaren eller hans/hennar tillitsvalde i god tid før ferien skal avviklast.
Dersom arbeidstakaren og arbeidsgivaren ikkje blir einige, har arbeidsgivaren siste ordet i saka.
Arbeidstakaren kan likevel krevje å få avvikle tre veker ferie i løpet av hovudferieperioden 1. juni-30. september.
Arbeidstakaren kan som hovudregel krevje å få vite når han eller ho skal ta ferie, seinast to månader på førehand.
Les meir om endring av fastsatt ferietid i arbeidsmiljølova § 6-3
Arbeidstakaren og arbeidsgivaren kan skriftleg avtale å overføre inntil to veker ferie til neste ferieår. Det føreset at begge partane er einige.
Forskotsferie kan avtalast på same måten.
Du kan krevje å få overført inntil to veker ferie neste år dersom sjukdom har hindra deg i å avvikle ferie innan utløpet av ferieåret. Kravet må setjast fram før året er omme. Overført ferie på grunn av sjukdom kjem i tillegg til eventuell anna avtalt overføring.
Ferie som i strid med føresegnene i lova ikkje er avvikla innan utløpet av ferieåret, skal overførast til neste ferieår. Ferie som ikkje er avvikla, fell altså ikkje bort dersom arbeidsgivaren og/eller arbeidstakaren er passive og ikkje tek initiativ til å få avvikla lovpålagd ferie. Unntaket er dersom manglande ferieavvikling skriv seg frå sjukdom eller foreldrepermisjon. Då skal alle opptente feriepengar utbetalast den første vanlege lønningsdagen påfølgjande år.
For å ha rett til ny ferie må du ha vore heilt (altså 100 prosent) arbeidsufør/sjukmeld.
Ein arbeidstakar som har vore heilt arbeidsufør i minst seks arbeidsdagar (laurdag inkludert) i ferien, kan krevje at like mange feriedagar blir utsette til seinare i ferieåret. Eit slikt krav må dokumenterast med legeerklæring og setjast fram så raskt som mogleg ("utan ugrunna opphald") etter at arbeidet blir teke opp att.
Dersom ein blir heilt arbeidsufør før ferien, kan ein krevje å få utsett ferien til seinare på året. Krav om utsetjing må dokumenterast med legeerklæring og setjast fram seinast siste arbeidsdagen vedkommande arbeidstakar skulle hatt før ferien.
Arbeidstakarar har rett, men ikkje plikt, til å avvikle lovbestemt ferie i løpet av permisjonstid der det blir ytt fødsels- eller adopsjonspengar. Permisjonen blir då forskyvd tilsvarande den perioden ein har ferie.
Arbeidstakaren bestemmer sjølv når ferien skal avviklast i ferieåret. Ferie som ikkje blir avvikla innanfor ferieåret, går tapt.
Ved oppseiing kan ikkje arbeidsgivaren leggje ferien i oppseiingstida utan at arbeidstakaren samtykkjer. Unntaket er når oppseiingsfristen er på tre månader eller meir. Då kan ferie krevjast avvikla i oppseiingstida innanfor rammene i ferielova.
Arbeidstakaren kan motsetje seg at allereie fastsett ferie blir avvikla i oppseiingstida.
I og med at arbeidsgivaren har siste ordet med omsyn til når ferie skal avviklast, kan arbeidstakaren i utgangspunktet ikkje krevje å få avvikle ferien i oppseiingstida. Arbeidstakaren kan likevel krevje at ferie blir avvikla før oppseiingsfristen går ut, dersom det elles ikkje er tid til å avvikle ferie innanfor hovudferieperioden (1. juni-30. september) eller innanfor ferieåret.
Du har krav på å få avvikla ferie hos ein eventuell ny arbeidsgivar dersom du ikkje får avvikla ferie inneverande år før du avsluttar eit arbeidsforhold. Det gjeld dersom du tiltrer innan 30. september same året.
Du har både rett og plikt til å avvikle ferie sjølv om du begynner i ny jobb. For å kunne krevje ferie hos ein ny arbeidsgivar kan du ikkje ha avvikla full ferie hos den tidlegare arbeidsgivaren.
For at arbeidsgivaren kan krevje at du tek ferie, må du ha tent opp feriepengar året før hos eksisterande eller tidlegare arbeidsgivar.
Ein arbeidstakar som tiltrer seinast 30. september i ferieåret, kan krevje full ferie (25 arbeidsdagar) innan utløpet av same ferieåret.
Tre veker ferie i hovudferieperioden (1. juni-30. september) kan berre krevjast av den som tiltrer innan 15. august i ferieåret.
Tiltrer ein etter 30. september, har ein likevel krav på minst ei veke ferie same året.