Helsefremmende arbeidsplasser

Kva er ein helsefremmande arbeidsplass?

Ein helsefremmande arbeidsplass fokuserer på korleis ein kan organisere arbeidet, skape eit arbeidsmiljø og ein samværskultur som gir god helse og utvikling for alle tilsette.
Ein grunnleggande føresetnad for ein helsefremmande arbeidsplass er det systematiske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet som reduserer risikoen for sjukdom og ulykker. Det helsefremmande perspektivet er breiare enn risikoperspektivet; ein skal ikkje berre sikre seg mot uheldige forhold, men også aktivt rette søkelyset mot dei positive og helsefremmande faktorane i arbeidsmiljøet.

Helsefremmande arbeidsplassar skaper ein gjennom ein kombinasjon av å betre arbeidsorganiseringa og arbeidsmiljøet, å fremme aktiv medverknad og motivere til personleg utvikling, ved å styrke meistringskjensla til dei tilsette og skape eit meiningsfylt arbeid.
Ein helsefremmande arbeidsplass inneber at arbeidet blir organisert og tilpassa arbeidsevna, dugleiken, alderen og andre føresetnader for den enkelte. Meistring er avgjerande.

Føremålet til arbeidsmiljølova er å sikre eit arbeidsmiljø som gir grunnlag for ein helsefremmande og meiningsfull arbeidssituasjon. Denne skal gi full sikkerheit mot fysiske og psykiske skadeverknader, og ha ein velferdsmessig standard som til kvar tid er i samsvar med den teknologiske og sosiale utviklinga i samfunnet.
  

Hvordan defineres helse?

Helse har blitt betrakta som ein tilstand av å vere frisk, der fråværet av sjukdom har vore det viktigaste kriteriet. Innan den helsefremmande ideologien blir helse forstått meir som eit psykososialt omgrep som inkluderer ressursar, velvære, sosial samanheng, personleg vekst og evne til å fungere og meistre. Helse kan også bli knytt til det å ha overskot til krava i kvardagen, og å ha styrke og motstandskraft i møte med ulike påkjenningar.

Kva kan bidra til ein helsefremmande arbeidsplass?

  • eit fungerande helse-, miljø- og sikkerheitssystem
  • eit helsefremmande perspektiv forankra i leiinga
  • rutinar og praksis for å vurdere helsekonsekvensar av ulike endringar i organisasjonen
  • aktivt arbeid for å fremme inkludering og førebygge utstøyting (IA)
  • etablert verneorganisasjon og partssamarbeid
  • fokus på prosessar og langsiktigheit
  • ein organisasjon som stadig ønsker å utvikle seg og medarbeidarane sine gjennom fagleg og personleg utvikling
  • moglegheiter for reell medverknad for alle
  • leiarar som har relasjonelle ferdigheiter, er tydelege og som anerkjenner medarbeidarane sine
  • arbeid og oppgåver som blir opplevde som meiningsfylte, handterbare og forståelege

Rolla til Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet kontrollerer at verksemdene følger krava i arbeidsmiljølova og viser verksemder korleis dei kan gå fram for å sikre eit arbeidsmiljø som gir grunnlag for ein helsefremmande og meiningsfylt arbeidssituasjon. Spesielt blir merksemda retta mot

  • det systematiske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet med fokus på risikoforhold og det som fremmar helse
  • vernetenesta (verneombod og arbeidsmiljøutval)
  • kunnskap om HMS og arbeidsmiljø
  • moglegheiter for arbeidstakarmedverknad
  • organiseringa av arbeidet, arbeidstilknyting og arbeidsavtalar
  • inkluderande arbeidsliv; tilrettelegging og sjukefråværsrutinar
  • bruk av bedriftshelsetenesta

Se også

Regelverk

Nettressurser