Databriller

Hva er vilkåret for at arbeidsgiver skal dekke kostnaden til databrille?

Les svaret her

Definisjon av databriller

Databriller er eit hjelpemiddel på arbeidsplassen for å forbetre synet til arbeidstakarar som jamleg eller under ein stor del av arbeidet sitt jobbar ved ein dataskjerm.
Databrilla vil som oftast vere ei einstyrke-brille som er tilpassa avstanden til dataskjermen.
Ein del progressive/multifokale brilleløysingar er gode til skjermbruk. Desse kan bli anbefalte når arbeidsoppgåvene krev skarpt syn både på nært hald og på litt lengre avstand. Dette må bli dokumentert særskilt.

Her vil vi presisere at såkalla standard progressive briller som eignar seg til dagleg bruk, ikkje kan bli definerte som databriller. Arbeidsgivaren har ikkje plikt til å dekke utgifter til briller/kontaktlinser som arbeidstakaren treng i dagleglivet/utanom jobben.

Retten til synsundersøking

Arbeidstakarar som arbeider ved ein dataskjerm, har rett til å få ei synsundersøking. Viss det oppstår synsproblem som ein vurderer heng saman med arbeid ved dataskjermen, har arbeidstakaren rett til å få dekt utgiftene i samband med synsundersøking og tilpassing av databriller, gjort av ein augelege/optikar.

Behov for databriller

Behovet for briller blir påverka av alderen til arbeidstakaren, brytingsfeil i auget, arbeidsmengd og arbeidstid framfor skjermen.

For personar under ca. 40 år vil det vere nok med ein synskontroll, med eventuell tilpassing av ei brille viss ein har behov for det. Personar under ca. 40 år vil som regel ikkje ha behov for ei eiga brille på jobb, sidan fokuseringsevna til auga kompenserer for dei forskjellige synsavstandane. Dette betyr at same brille vil kunne brukast både for å sjå på avstand og på nært hald, og vil vere den vanlege brilla til arbeidstakaren.

Utgifter

Arbeidsgivaren pliktar å dekke dei nødvendige utgiftene til databrilla. Det er ikkje fastsett noka beløpsgrense.

Kva som er nødvendig, må bli vurdert i kvart enkelt tilfelle. Det er i utgangspunktet ein spesialist (augelege, optikar) som må vurdere kva for behov ein har. Dersom ein sjølv ønsker meir kostbare løysingar enn det som er nødvendig, vil ikkje arbeidsgivaren vere forplikta til å dekke dette. Eksempel på meirutgifter kan vere spesiell utsjånad på innfatninga, moteriktig merke og pynt, altså element som ikkje er nødvendige for funksjonen til brilla. Slike ekstra kostnader må ein rekne med å dekke sjølv.

 


 

Se også

Regelverk