Hjelp til å justere alkoholbruk

AKAN reknar med at alkoholbruk kostar norske verksemder 12,5 milliardar kroner i året og at 30 prosent av korttidsfråværet er alkoholrelatert. Alkoholkonsumet aukar, men det finst hjelp til å førebyggje.

 

 

Reiser, kurs og seminar, teamutvikling og formelle og uformelle festar mellom kollegar er eksempel på høve der alkohol ofte får ein naturleg plass. I over 80 prosent av norske verksemder er det vanleg at tilsette og leiarar drikk alkohol i samband med arrangement anten i regi av verksemda eller av kollegar.

Forsking syner at alkohol i jobbsamanheng kan redusere jobbstress, styrkje sosiale relasjonar og byggje fellesskap. Samstundes stig sjukefråværet med mengda alkohol.

AKAN, som er ”Arbeidslivets kompetansesenter for rus- og avhengighetsproblematikk”, har ingen planar om å tørrleggje norske verksemder. Dei vil heller hjelpe verksemdene og einskildpersonar til å få kontroll med mengda dei drikk og i kva samanhengar.

Det finst alt tilbod til kroniske og tunge rusmisbrukarar, som utgjer 5 til 10 prosent av alle rusmisbrukarar. Langt færre tilbod finst til dei som er i ein tidleg fase av rusmisbruk og dei som er moderate misbrukarar. Det er her det ligg eit stort potensial i førebygging av helseskadar for den einskilde arbeidstakaren og produktivitetstap for verksemdene.

AKAN har difor lansert eit program som dei kallar ”Balance” som er tenkt å nå dei som enno ikkje er komne i nokon prekær russituasjon. Det skal hjelpe til med å førebyggje negativ utvikling.

Programmet inneber at den einskilde arbeidstakaren testar sitt eige forbruk. Syner testen at forbruket er høgt, vil det kome tilbod om å gå inn i eit interaktivt, fleksibelt og ikkje-moraliserande opplegg. Det heile gjeng føre seg på nett og SMS, heilt anonymt og ein kan hoppe av når som helst.

Opplegget er utvikla av ekspertar på alkohol og alkoholvanar og er eit tilbod til dei som vil sjekke ut og eventuelt endre alkoholvanane sine. Det er ikkje meininga å få folk til å slutte å drikke, men å hjelpe brukarar til sunnare drikkevanar og til å nyte livet gjennom små og store endringar som er naudsynte for akkurat han eller henne. Dette programmet kan arbeidsgjevaren abonnere på og gjere tilgjengeleg for alle tilsette.

 

Nettressurser